I det brattlendte fjordlandskapet på vestsida av Storfjorden finn vi Ytste Skotet. Fjellgarden ligg vakkert på ei hylle 225 m over fjorden, og har hatt busetting heilt sidan vikingtida. Sommaren 2025 vil garden vere bemanna frå 1. juli til 10. august
Prisliste 2025

Ytste Skotet sommaren 2025

Vertskapet tilbyr båtskyss frå Dyrkorn, guida turar, enkel matservering, dagsbesøk og overnatting i oppredd seng i det historiske stabburet. Det er òg mogleg å helse på geitene og vere med på enkelt dyrestell.

For overnatting, båtskyss eller middag, ta kontakt på førehand.
Det er òg mogleg å booke garden for grupper – ta kontakt for eit tilbod og meir informasjon.

Kontaktinformasjon:
E-post: ytsteskotet@gmail.com
Mobil: +47 489 18 093

Du kan òg ta kontakt via sosiale medium:
Facebook – Ytste Skotet
Instagram – @fjellgarden_ytste_skotet

No items found.
Foto Inge Bjørdal
No items found.